Om oss

Familien på Ikeland Gard

Me som bur her på garden er ein familie på fira. Sigve Andreas og Kjersti Linn med ungane Andreas på 10 år, og Anna Eline som er 8.

Sigve kjøpte garden på Ikeland i 1996. Då var han 21 år og ferdig utdanna agronom frå Stend jordbruks skule. Det stod dyr i fjøsen og han held fram med dritfen frå dag ein. Nokre år seinare, i 2003 kom Kjersti Linn til gards med stor matinteresse og fagbrev som kokk.

På garden vår har me i alt 42 vinterfora sau av rasen Norsk kvit sau. Om sumaren sler me graset på vår eigen gard, i tillegg til to nabogardar for å få nok for til vinteren. På garden vår er det bratt, så mykje vert slått med slåmaskin til tørrhøy. Flatane vert slått med traktor og forhaustar, eller pressa til rundballar.

 

Ikeland Gard

Heimalaga godsaker etter vestlandsk tradisjon.

Oppstarten

Eg hadde lenge gått med planar om å starte med pølseproduksjon då eg endelig tok avgjerda i 2011. Det heile starta med at eg byrja å laga pølser på hobbybasis for 15 år sidan, der eg brukte sjølvskoten hjort og eigne sauer som råvarer. Etter mange års prøving og feiling vart eg meir og meir trygg på at eg kunne detta her, og begynte å leika med tanken om å starta opp med sal, det var jo mange som ville kjøpa!

I april 2011 kom eg i kontakt med Lars Øyvind Hillestad, som var interessert i eit samarbeid. Han dreiv oppdrett av hjort og hadde tidlegare sendt kjøt til Evanger der dei produserte pølsene for han. Men eit lokalt samarbeid fant me ut måtte vera mykje betre. Me vart einige om at han skulle stå for godkjende kjøkkenfasiliteter, mens eg skulle byggja tørke- og røykehus. Dermed tok me turen til Magnhild Dyrdal for å sjå korleis hennar hus såg ut. Det vart mange fleire turar, der me noterte og ho fortalde. Til slutt kunne huset teiknast, og det kunne søkast om byggeløyve. På nyåret 2012 starta utgravinga, og i løpet av sumaren vart golvet støypt. Hausten 2013 var huset kome opp og klar til bruk.

Magnhild har heile vegen vore til stor hjelp, og heia på oss for at me skulle få detta til. Eg har gjekk i helane på Magnhild heile hausten 2012 for å få ytterlegare kunnskap om tørking, røyking og dei ulike produkta ho produserer. Eg fekk bruka både kjøken, tørkehus og røykehus i oppstartsfasen. Frå hausten 2013 har eg vore i full gang med eigen produksjon av både pølser, spekemat og lammerull som eg har seld på julemesser o.l. her i distriktet. I tillegg sender eg varer pr. post og leverer bestillte varer frå lokala i Alversund året rundt. Etterspørselen har vore stor frå første dag, så eg håpar at produkta fell i smak, så eg får halda på kundane og at fleire kjem til.