Partnere

Alver Hjort

Ikeland gard har eit tett samarbeid med Lars Øyvind Hillestad som driv Alver hjort i Alversund, 10 min køyring frå garden vår. Han har både viltslakteri, kjøl,frys og kjøken. Eg brukar kjøkenet hans til produksjon, som er godkjend av mattilsynet. 

Me lagar ei spekepølse i lag som består av halvparten hjort frå Alver og halvparten sau frå Ikeland. Me står ofte i lag på stand når me er på julemesser og diverse for å få eit breiare produktspekter. Han sel hjortekjøt i tillegg til hjortepølse.